Lengst ute i havgapet ved Sognesjøen ligg øybruket Hille, der naturen og havet spelar på lag med økologisk jordbruk
Vi bur der ingen skulle tru at nokon kunne bu
Hille Glamping har blitt Hille Island Retreat
Vi har oppgradert konseptet vårt og skifta namn frå Hille Glamping til Hille Island Retreat.
Den viktigaste endringa er at vi no kan tilby overnatting for opptil seks personar. Vi har fått mange førespurnader frå familiar og venegjengar som ønskjer å oppleve Hille saman, og no er svaret ja!
Samtidig har vi gjort Hille Island Retreat til ei heilårsovernatting. Domen er erstatta av eit nytt bygg i to etasjar, integrert med det eksisterande kjøkenet og badet. Huset er utforma med store vindauge i alle retningar, slik at den spektakulære utsikta alltid står i sentrum.
Den populære jacuzzien er sjølvsagt framleis på plass. Det same er den unike opplevinga, den vakre naturen og den vesle øya vi er så heldige å bu på – Hille.
Vi ønskjer dykk hjarteleg velkomne, uansett årstid. Nyt ein kveld framfor peisen medan stormen uler utanfor – eller kva med å feire nyttår på Hille?
Hille øybruk
Hille øybruk består av meir enn 50 små øyar og holmar, og på fleire av desse kan sauene beite. Ved å svi lyngen på øyane med jamne mellomrom, blir det gjeve rom for at frisk lyng kan vekse fram. Dette er hovudsakleg for at sauene skal få best mogleg næring, samstundes som kulturlandskapet blir teke vare på.
Overnatting på Hille Island Retreat
Opplev ro, stillheit og storslått natur på ei øy lengst ute i havgapet. Hille Island Retreat byr på ei unik overnatting med utsikt mot havet og Sognefjorden, privat jacuzzi og eit arkitektteikna hus omgitt av vakker vestlandsnatur.
Her kan du senke tempoet, nyte solnedgangen, vakne til utsikt over fjord og hav, og finne den gode kjensla av å vere heilt borte frå kvardagen.
Ei perfekt oppleving for par, familiar, venegjengar, livsnytarar – ja, for alle som ønskjer ei heilt spesiell overnatting.
Naturen er heile nøkkelen
Villsauen er skapt for å leve i slike område, og lyngheiene på øyane gjorde Hille til ein naturleg stad å drive gard. Villsauen er lettbeint og hardfør, og klarer lamminga fint på eiga hand. På Hille får han leve fritt i naturen og beite på lyng, gras, tang og tare.
Den flotte naturen på Hille er avhengig av at gardsdrifta blir driven på tradisjonelt vis, i det verdifulle kulturlandskapet langs Norskekysten.